Er det rett at kommunane på Nordmøre må betale for å få eit kollektivtilbod, mens andre kommunar i fylket slepp å betale for sitt tilbod? Er det rett at fylkeskommunen gir eit betre ferjetilbod på avgangar med få brukarar, mens Nordmøre missar togbussen sin. Nei, meiner vi i Arbeiderpartiet. Difor stemte Arbeiderpartiet mot fleirtalsvedtaket til Høgre, Fremskrittspartiet, Krf og Venstre.

Geir Ove Leite, sitter i samferdselsutvalet for Arbeiderpartiet.

Det har blitt hevda at dette er fogderistrid. Det er det ikkje. Alle dei fem som støtta togbussen er frå Sunnmøre, mens dei to einaste frå Nordmøre støtta ikkje togbussen. Hadde dei gjort det hadde togbussen vore garantert drift utan at dette hadde gått utover kommuneøkonomien til nordmørskommunane. Det å leggje ned togbussen er ein ønska politikk frå H, Frp, V og Krf for å prioritere andre ting. Arbeiderpartiet vil ikkje auke den økonomiske belastninga for kommunane. Kollektivtrafikken er fylkeskommunen sitt ansvar

Kva er det då som er den store skilnaden på fellesforslaget frå Arbeiderpartiet, Sp, Sv og Kyst og distriktslista frå H, Frp, V og Krf.  Arbeiderpartiet med fleire vil finansiere togbussen med å ikkje gjennopprette ferjetilbod som ble vedtekne kutta i 2023 som få har sakna. Dette auka fergetilbodet kostar 5 millionar og H, Frp, H og V finansierer dette ved å kutte 5 million på togbussen.

Arbeiderpartiet utfordra blant anna Torgeir Dahl frå Høgre  om kva som skulle vere fylkeskommunen sitt bidrag i eit eventuelt spleiselag. Det fekk vi ikkje svar på. Ser ut til at dei satsar på at Trøndelag og kommunane på Nordmøre som skal ta det ansvaret

Dersom kommunane på Nordmøre no tek på seg ansvaret med å finansiere togbussen. Kva blir dei  neste bussrutene? Kan vi risikere at fleire bussruter blir kommunane sitt økonomiske ansvar? Kommunane har meir enn nok med å drive barnehagar, skular og eldreomsorg om dei ikkje skal ta på seg fylkeskommunes lovpålagde oppgåver. Arbeiderpartiet kan ikkje støtte ein slik politikk

Geir Ove Leite

Medlem samferdselsutvalet Arbeiderpartiet