På dagen 100 år etter at Kalla Skrøvset kom til verda, vart ho heidra ved ein allsidig jubileumskonsert i Surnadal kulturhus laurdag kveld. Eit av høgdepunkta var verdspremiera på den engelske utgåva av «Vårsøg».

Jubileumskomiteen har sørga for at alle har vorte betre kjent med Kalla Skrøvseth og kunsten hennar gjennom fleire arrangement denne helga. Halvvegs ut i 100-årsjubileet var det duka for jubileumskonsert i Storstuå laurdag kveld, der kunstnaren vart presentert gjennom sang, film, bilde og musikk.

Ein nær fullsett sal fekk høyre både lokale- og internasjonale tonar, i det som vart ein musikalsk presentasjon av kunstnaren frå Surnadal. Jubilanten sjøl dukka og opp som snarast, i ein film som Åsmund Frydenlund tok opp av ho for nokre år sidan. I dag er verken Frydenlund eller kunstnaren blant oss meir, men publikum fekk i allefall gleda av å sjå denne filmsnutten frå Kallastua med kunstnaren i sitt rette element, til tonefølgje av Marianne Baudoine Lie på cello, som elles berika fleire av scenenumra med celloen sin.

– Der ser ein kor viktig det er at nokon tek med seg kamera rundt omkring og dokumenterer, kommenterte kveldens konferansier, Svein Sæter etter filminnslaget. Og han har heilt rett.

Kalla blir omtala som ein globetrotter, ein internasjonal surnadaling, noko som og vart gjenspegla i konserten. Publikum fekk nyta tonar av ei rekke artistar, med alt frå musikk av Verdi, via Grieg og Schubert, og til meir heimlege og «surnadalske» innslag. På programmet stod elles namn som Henning Sommerro og dottera Karianna Sommerro, Nils Røv, Else Bø, Ingrid Ansnes, Sigrid Vetleseter Bøe, og sist, -men slett ikkje minst; Solveig Kringlebotn.

-Fantastisk jubileumshelg

Sopran Solveig Kringlebotn varta opp med fleire arier og bergtok publikum allereie før ho tok den engelske utgåva av Vårsøg; «The promised spring», i det som vart ei verdspremiere. For første gong vart denne framført for publikum, altså ei urpremiere til glede for dei som hadde funne seg sete i Storstuå. For mange vart dette eit høgdepunkt, for alle har vi eit forhold til gode, gamle «Vårsøg», og det å høyre denne med engelsk tekst sunge av sopranen Kringlebotn, akkompagnert av Ansnes på flygelet, det vart det litt internasjonal høgtid over.

– Ei fantastisk helg og heilt topp konsert! For meg vart den engelske Vårsøg prikken over i'en! Vårsøg vart bra på engelsk den, og at den vart sunge av ei soprandame vart og veldig bra. Kjempeartig at Henning spora opp denne til jubileumshelga, sa leiar i arrangementskomiteen, Lars Skrøvseth etter konserten. Den engelske teksta er skrive av William Halvardson (?), ei heller ukjend tekst, men til gjengjeld ein veldig kjend melodi, laga av Henning i Vårsøglandet. Landet der Kalla og vart fødd og vaks opp.

Else Bø serverte flygeltonar av ein russisk jamaldrande komponist, samt at ho saman med Marianne og celloen akkompagnerte Nils Røv og munnspelet hans i ein voggesong av Schubert.

– Kalla var banpi åt meg og song voggesongar åt meg. Ho var oppteke av haust. Etter hausten kjem det ein ny vår, og Kalla levde med den trua at etter livet og døden, da kjem det og ein ny vår, fortel Røv.

Gjennom heile førestellinga vart det vist bilde på eit stort lerret, både Kalla-bilde og bilde frå heimbygda hennar, noko som heva heile konsertopplevelsen.

Midt i hjartet

Henning Sommerro hadde med seg dottera, Karianna, og medan far trakterte tangentane på vant vis, song dottera med klokkeklar røyst. Og Sigrid Vetleseter Bøe evna og som vanleg å synge frysningar på mang ein rygg.

– Så kliv vi til topps på rankinglista og kallar inn Sigrid Vetleseter Bøe, som konferansier Sæter så treffande sa det da han introduserte siste nummer.

Ordførar Mons Otnes var og av dei som var begeistra.

– Eg må nesten tørke ein tåre, Sigrid treffer oss midt i hjartet som vanleg, sa han då han skulle dele ut blomster og skryt for jubileet og arbeidet med Kalla-kunsten. Initiativtakar og leiar for arrangementskomiteen, Lars Skrøvseth, tok imot fortent blomster frå ordføraren og kommunen. Det same gjorde Marta Havdal, i tillegg til at Kallastua og fekk ein sjekk på 10 000 kroner. Kalla var tante til både Lars og Marta.

Generalsponsor for heile jubileet er Surnadal Sparebank, og salgsleiar Liv Dalsegg overraska Lars ved å gje eit bilde til Kallastua, eit Kalla-bilde naturlegvis.

– Bildet kom i posten før helga. Det dukka opp på loftet til ein kar i Larvik som rydda moras hus. Det stod Kalla Skrøvset på bildet, utan at han visste noko om ho. Men da han googla namnet fekk han Surnadal Sparebank som treff, eit godt døme på vårt nære og gode samarbeid med Kallajubileet. Vi kjøpte bildet og har lyst til å gje det til museet, seier Dalsegg.

Både artistar og arrangørar tok imot rikeleg applaus da konserten var over.