Lærarutdanningane skal utdanne lærarar for heile landet, og då må alle lærarstudentar, uavhengig av fag, rustast til å vere lærarar i nynorske klasserom. Lærarutdanningane er avgjerande både for at framtidige nynorskelevar får ei god opplæring og for at ein skal kunne oppnå ei reell jamstilling mellom nynorsk og bokmål.

I november lanserte Språkrådet ein rapport om norsk, og særleg nynorsk, i lærarutdanningane. Rapporten slår fast at lærarstudentar utan norsk i fagkrinsen som skal bli lærarar og som ikkje tek utdanning innanfor norskfaget, svært sjeldan får vurdert nynorskkompetansen sin i løpet av utdanninga.

Rapporten viser òg at fleirtalet av uteksaminerte lærarstudentar har utdanninga si frå lektorutdanning eller praktisk pedagogisk utdanning (PPU). Dette er utdanningar der rammeplanen, i motsetnad til grunnskulelærarutdanningane, ikkje stiller krav om nynorskkompetanse hjå studentane. Resultatet er at nynorskelevane som skal ha opplæring på skriftspråket sitt i alle fag, får nyutdanna lærarar som ikkje er trygge i å skrive eller undervise på nynorsk.

Mållaget har gjennom mange år peika på at utdanningsinstitusjonane må gje lærarstudentane ei betre opplæring i nynorsk. Dei må òg få opplæring i nynorskdidaktikk, det å lære korleis dei kan lære elevane nynorsk.

Det blir ei viktig oppgåve for forskings- og høgare utdanningsminister, Oddmund Hoel (Sp), å få dette på plass. Den nye statsråden har brei kunnskap om feltet og bør bruke både kunnskapen og styringsretten sin til saman med lærarutdanningane å sørgje for betre nynorskopplæring av lærarstudentane.

Mållaget har ei heil rekkje konkrete tiltak: Norsk må vere obligatorisk fag på grunnskulelærarutdanninga 5–10, og rammeplanane for PPU og lektorutdanningane må òg stille krav til studentane sin nynorskkompetanse. Det bør innførast ein nasjonal deleksamen i norsk i lektorutdanninga, og reglane for fritak frå sidemål i lærarutdanningane må strammast inn. Nynorskdidaktikk må vere ein del av lærarstudentane si utdanning, og det må kome fleire tilbod om etterutdanning i nynorskdidaktikk for dei som allereie arbeider i skulen. Utdanningsinstituasjonar må synleggjere nynorsk på studiestadene. Eksponering er nøkkelen til meistring. Dessutan må universitets- og høgskulerådet som rådgjevande organ stille krav til nynorskkompetansen i dei nasjonale retningslinene sine til lærarutdanningane.

Slik kan vi sikre at vi utdannar lærarar som har kompetanse til å drive opplæring i og på nynorsk.

Peder Lofnes Hauge Leiar i Noregs Mållag