Eg synest det skal vere rein som kan jaktast på, i Rauma, Målle og Sunndal og.

Kurvane for talet på rein i fjella våre og kvar han blir skoten, viser klårt at forvaltinga har mislukkast dei siste åra. Det går nedover og reinen blir skoten austafor.

Det vart i haust skote nokre bukkar på Sunndal nord-aust, to dyr mellom Torbudalen og Eikesdalen og eitt dyr i Rauma. Ikkje eit dyr vart skote på Sunndal vest. Dei ansvarlege for den mislukka forvaltinga, er villreinnemda som har godkjent den uvettige jaktinga, og villreinutvalet som har foreslege ho.

Jaktstyringa er slik;

Fjellstyra og dei private som har jaktrett, går saman i villreinutvalet. Villreinutvalet kjem med forslag til jaktopplegg. Villreinnemda som etter innspel frå kommunestyra er utnemt av naturdirektoratet, godkjenner jaktopplegget.

I Naturmangfaldslova, er det skreve; «§16 (høsting av vilt og lakse- og innlandsfisk)

   Høsting kan bare tillates når best tilgjengelig dokumentasjon tilsier at arten produserer et høstingsverdig overskudd»

Ǥ 75.(straff)

Med bøter eller fengsel inntil ett år straffes den som forsettlig eller uaktsomt overtrer bestemmelsene i eller i medhold av §§ 15 til 18»

Toril Melheim Strand har ikkje vore medlem i villreinutvalet, men ho har i mange år vore medlem av Målle fjellstyre og villreinnemda. Ho har likevel vore på møter i villreinutvalet. Forvaltingslova seier; «En offentlig tjenestemann er ugild til å tilrettelegge grunnlaget for en avgjørelse eller til å treffe avgjørelse i en forvaltningssak når han leder eller har ledende stilling i, eller er medlem av styret eller bedriftsforsamling for et samvirkeforetak, eller en forening, sparebank eller stiftelse som er part i saken, eller et selskap som er part i saken.» Ho har hatt vel mange hattar.

Toril Melheim Strand skriv at det er «vrøvl» då eg skreiv at ho vil ha oss som har hytter ved Aursjøen og i Torbudalen, bort. Det er ikkje vrøvl.

Då eg las innspela som Målle fjellstyre, villreinutvalet og villreinnemda kom med i til Statsforvaltaren i Trøndelag for å berge villreinen, var ikkje eg i tvil om dei ville ha oss bort. Dei som er interesserte kan lese her; https://www.statsforvalteren.no/nb/Trondelag/Miljo-og-klima/snohetta-villreinomrade/container-snohetta/her-kan-du-komme-med-innspill/

Villreinutvalet skriv; «Vi ser at Røds noe forenklede framstilling kan bidra til at det oppstår tvil om villreinforvaltningens bruk av faktagrunnlag for bestandsmodeller og kvotesetting». «villreinutvalget mener at hans modelleringer er forenklede og feil»

Eg har nytta villreinutvalet sin reknemodell i forslaget til bestandsplan som vart lagt fram 5. april og variert avgangsprosenten.

At villreinutvalet meinar deira eigne reknemodellar er «forenkla og feil» synest eg er artig.

Modellen er slik;

Kvart år startar med vinterstammen etter teljing i mars

Det blir rekna nettotilvekst, frå ein semledel og at ein del av desse får kalvar.

Det blir rekna med minsking etter jaktkvote og uttaksdel.

Til slutt blir det rekna med minsking etter «Naturleg avgang». Avgangen blir rekna som ein del (6%) av den opphavelege vinterstammen.

Talet ved inngangen til nytt år = Minimumsteljing + kalvar - jakt – naturleg avgang.

Villreinutvalet reknar ikkje kalvane med i grunnlaget for avgangen. Avgangsdelen på 6% er og alt for lav samanlikna med tapa i Trollheimen.

Eg har no teke med avgang av kalvar i reknestykket, og då blir det ille.

Villreinutvalet skriv; «Villreinforvaltningen har heller ingen krav til erstatning ved rovdyrangrep, vi skal forvalte reinen etter det som er igjen etter av rovdyrene har tatt sitt.»

Dette er ein insinuasjon om at det blir juksa med rovdyrerstatninga og skriveriet seier mest om personen som skriv.

Reinskalvane på austområdet er mindre enn det «forvaltinga» ønskjer.

Grunnen er at semlene går austpå heile året. Sommarbeita her er ikkje så gode som nordvest i området. Når talet på rein går ned etter hardt press frå tobeinte, firbeinte og flygande jegrar, flokkar dei seg i det opne terrenget og fer ikkje utover. Reinen sin røynsle om dei gode sommarbeita er borte.

Fleire reinar og nokre år med fred frå tobeinte jegrar, vil gje oss reinen attende.

Skriveriet frå villreinutvalet manglar underskrift. Ein eller annan med namn har skreve og ein eller annan med namn har godkjent det.

Ein organisasjon som vil bli teken på alvor, bør ikkje skjule seg.

Sunndalsøra 2024-04-24

Erling Rød