Vi overtok ei økonomisk branntomt etter 12 år med AP og SP styre av fylkeskommunen, og oppryddinga etter vanstyret har så vidt begynt.

Ei opprydding etter at fylket er køyrt over styr økonomisk, med vanvittig pengebruk på unødvendige prosjekt og program til titals på titals med millionar av kr.

Skandaler med bærekraft og Fylkeshuset as, er berre begynnelsen av selskap det må ryddast opp i.

Ein administrasjon på fylkeshuset som har fått ukritisk est ut og ein ekstrem kostnadsvekst i heile den fylkeskommunale drifta etter tidenes verste regjering med AP og SP.

Skyhøge drivstoff og straumprisar skattar og avgifter, skyhøg rente, har påført fylkeskommunen berre på ferje, buss og båtdrift, samt drift av alle skulebygg/bygg auka kostnadar på årleg fleire hundre mill kr etter at AP regjeringa tiltrådte i 2021.

Som om ikkje dette var gale nok fekk fylkeskommunen 1% lågare rammeoverføringar frå AP regjeringa i 2024 enn dei andre fylka og kontra nivået for 2023.

Samferdselsministeren har med andre ord gjeve Møre og Romsdal mindre pengar til å drifte bussruter, enn det andre fylker i landet har fått.

70 mill kr skal berre her dekkjast inn, manglande løyvingar frå regjeringa som til dømes AP ordføraren i Sundal og andre i AP lokalt som er svært så høge og mørke kunne brukt energien sin på og komt seg til Oslo og rydda opp i .

Men neida, rope høgt når AP sjølve set med grunnlaget for det økonomiske uføret som vi altså må rydde opp i.

Kva var alternativet?

Vi har kutta ca 140 mill kr for 2024, seinare år må det sikkert kuttast enda meir dersom vi ikkje snarast får på plass ei ny regjering.

Vi har kutta ca 55 stillingar på fylkeshuset i Molde, kutta det meste av unødvendige prosjekt og program til mange titals mill kr, og kutta kraftig i drifta i mange områder. Dette er betydeleg verre for mange fleire, en spetakkelet ikring at ei bussrute blir lagt ned.

Derimot har vi sikra dei vidaregåande skulane både ang drift og hindra nedleggelsar, og skal gjere dette vidare. Dette er vel også viktig for Nordmøre eller?

Sikra ferjedrifta mot dei foreslåtte brutale kutt og kraftige kostnadsaukane som også ville ha ramma Nordmøre brutalt.

Vi har prioritert vegvedlikhold og trafikktrygging, samt viktige samferdselsprosjekt slik som Todalsfjordkryssinga og gang og sykkelveg i Averøy.

Apropos Todalsfjordkryssinga, så høyrer eg nokon hevdar at økonomien til fylket er dårleg pga Nordøyvegen.

Eg og mitt parti støtta dette prosjektet fordi vi viste dette gjekk bra, og fasiten her vart at fylket sparer 40 mill kr pr år kontra fortsatt ferjer der.

Eg har fortsatt trua for det same ang Todalsfjordkryssinga som garantert også kjem positivt ut økonomisk for fylket, berre vent og sjå.

Men, dei som våger seg til å kritisere Nordøyvegen bør forstå at dersom vi skulle lytte til dette ville dette betyr bråstopp for Todalsfjordkryssinga. Dette prosjektet har betydeleg lågare finansieringsgrunnlag enn det Nordøyvegen hadde.

Men slapp av, det er heldigvis FrP som styrer no, og Todalsfjordkryssinga går vidare.

Kutt av "togbussen" er 4-5 mill kr av samla 12 mill kr på buss, kutta utover heile fylket.

I resten av fylket ser alle at brutale kuttforslag for ferjedrifta ville vore betydeleg verre for langt fleire og for næringslivet, og her vert kutt i bussruter for ganske få akseptert.

FrP gjekk til valg på å sikre vidaregåande skular, ferjedrifta og satse på trafikktrygging og vegvedlikehold, samt kutte kraftig i byråkratiet på fylkeshuset.

Dokke har fått akkurat dette, og dette leverar vi på og det kjem vi til å fortsette med.

Nyttar ikkje å holde på slik AP til dømes foreslo, å finansiere bussen med bruk av disposisjonsfond, og ikkje eit einaste reelt varig forslag til å rydde opp etter sitt eige økonomiske rot.

Rett og slett luftpengebruk som heldigvis vart nedstemt.

Neste år finnast ikkje desse pengane, slik er det berre og det hjelper ikkje med lettvinte useriøse forslag som også fylkeskommunedirektøren har advart kraftig imot.

Nei no dreiar jobben seg om å hindre nye kutt i åra framover pga håplause økonomiske rammevilkår for fylket.

Aldri før i mine over 20 år i fylkestinget har Møre og Romsdal fylkeskommune fått dårligare rammevilkår frå ei regjering.

Eg og FrP skal love å arbeide for heile fylket også Nordmøre, og den som er ærlige ser dette i til dømes arbeidet ikring fylkets neste milliardprosjekt, Todalsfjordkryssinga,  og vårt engasjement for styrke og bevare dei vidaregåande skulane også i distrikta.

Togbussen var nok viktig, men slett ikkje det viktigaste!

Frank Sve

Gruppeleiar i Møre og Romsdal FrP Fylkestingsgruppe.

1. nestleiar i Transport og kommunikasjonskomiteen.

Stortingsrepresentant for FrP